Månadens gjenstand

Publisert av:
7/4/2011 17:17

I dag er det forlengst slutt på mjølking for hand, og ingen slepp kyrne på sommarbeite i fjellet meir, slik som den tida då ein gjekk til støls. Då var det gjerne å klatra til fjells om kvelden for å mjølka, og så ned att til garden med mjølka om kvelden.

– Malking var kvinnearbeid, fortel Olav Skjellevik, som har laga til den
vesle utstillinga. – I alle år, heilt frå bronsealderfolket byrja med
gardsdrift, har kvinnene på gardane vore til støls sommarstid. Stølinga
var kvinnearbeid – oftast for ungjentene og tausa på garden. Dei kunne då
halda til i sel og seterbu, eller dei hadde sin daglege malketur morgon og
ettermiddag dersom heimestølen låg nær til.

– Ofte var det slik at stølsjentene gjekk til fjells om ettermiddagen,
malka kveldsmålet og overnatta i eit sel, ei bu eller ei hytte, fortel
Olav vidare. – Etter malking av morgonsmålet gjekk dei til gards med
holkar og spann, var med i onnearbeidet der, og så ny tur til støls då det
leid på ettermiddagen.

– Oftast kom kyrne sjølve til malkeplassen når det kveldast, men tidt
måtte stølsjentene ta mjølkebidnene med seg og gå oppå ein lynghaug for å
høyra kubjøllene. Dei kjende vél bjøllelyden av sine kyr og kunne så gå i
rett leid for å finna dei.

Dei utstilte mjølkeholkane er ulike. Treholken kjem frå Flakka. Der gjekk
dei sommarsdag opp til Stemmevatnet (ovanom Langeland) og malka.
Sinkholken kjem frå Mevatne. Den var nok i bruk til ut i 1950-åra. Då vart
det jamt slutt på stølinga på våre kantar. Treholken er lånt av Mikal
Heldal, medan sinkholken er lånt av Lars Mevatne.

Holkane står utstilt i april månad. Det er berre å ta turen innom
biblioteket og ta ein kikk på dei.