Arkivfoto

Brann på Tysnes Skule i natt

Publisert av: Vegard Aslaksen
15/7/2018 10:13

Kl 04.03 fekk 110 sentralen i Hordaland telefon om brann/røyk frå loft på Tysnes Skule og varsla ut Tysnes Brannvesen. Samstundes fekk ein også inn varsel om automatisk utløyst brannalarm.

“Ved ankomst melde brannvesenet åpne flammer frå tak”, seier Sigbjørn Villanger ved 110 sentralen.

Klokka 04.28 melde utrykningsleiar at flammene vart slått ned og at dei 6 personane som var i bygget var gjort rede for. Brannen blei meldt slukka kl 05.18. Då hadde ein og rekvirert Restverdiredning frå Bergen.

I morgontimane har brannalarmen gått fleire gonger men det er både skadesaneringsfirma og brannfolk på staden som kontrollerer bygningen. Ingen personar kom til skade i brannen.

Årsaka til brannen er ukjent, men brannen har starta i ein billettbod som stod parkert inntil veggen ved skulen. Brannen har så spreidd seg oppetter fasaden på skulen.