Lovar god stemning

Publisert av: May Britt Meland
7/2/2024 17:41

Fredag 9. februar kl. 11:30 får vi besøk på Omsorgssenteret av to gamle heltar, Arne og Helge Olav.

Det blir alltid god stemning når dei to karane dreg i gong med gamle slagerar, men også songar vi hugsa frå skuletida vår.

Konserten varer i ca. 45 min.
Arrangementet er ope for alle, så har du ein nabo eller gammal venn som bur på senteret, ta en tur oppom ein halvtime før konserten. Frivillige og tilsette hjelper til med å få bebuarane ned i Storstova, men hjelp gjerne til.

Ei hand å halde i under konserten vert aldri feil.

Tekst: Per Verner Aase