Kværner HobbyVolley

Publisert av:
25/3/2017 08:53

Bronse til Uggdal Idrettslag

 

Laurdag 22. april var det igjen duka for volleyballturnering i regi av Stord Volleyballklubb.
Det 34. Kværner HobbyVolley vart ein suksess med 39 påmeldte lag i fire klassar. Tilsaman vart det spelt heile 102 kampar i løpet av laurdagen i Stord Idrettspark.
Laget Mixa Smågodt frå Uggdal Idrettslag fekk bronse i gruppa «Miks 2» som hadde totalt 13 lag.