Liv og rør i Våge

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/7/2020 14:37

Sjølv om det ikkje vart Tysnesfest i år, var det mykje folk i Våge denne laurdagen, når festivalen eigentleg skulle vore i full gang.

I gjestehamna var det matmarknad, der ein blant anna kunne få kjøpt ost, grønsaker, bollar og pølser.

 

Ellers var det ein sjonglør som underheldt med sine kunster, fleire av utstillarane hos Nisjekroken hadde salgsboder ute og “Lilleballong” laga ballongfigurar.