Babysong i kyrkja

Publisert av: May Britt Meland
16/11/2022 21:19

Mandag 14. november var det babysong i Uggdal kyrkje. Det er alltid lika spanande kor mange som kjem, av og til kjem det berre ein eller to, andre gonger kjem det fjorten og femten babyer med foreldre og småsyskjen om det er fri på skule eller barnehage.

Det er mykje song, leik og ikkje minst dans både med og for dei små. Etterpå koser me oss med prat om babyane og andre ting som opptar småbarns foreldre. Ein liten matbit og ein kaffikopp før me går heim att.

Me har annankvar gong i Kyrkja og på Omsorgsenteret.

 

Tekst og foto: Heidi Hollekim, Tysnes Kyrkjekontor