Laurdag kveld på Gjerstad Arena

Publisert av: Vegard Aslaksen
15/7/2018 19:57

Laurdag kveld har Tysnesfest tidlegare avslutta med fyrverkeri. Det var slett ikkje nødvendig i år. Kvelden bygde seg gradvis opp med både folk og stemning. Heile showet i seg sjølv var nærmast eit fyrverkeri skal ein tolka den elleville responsen frå publikum.

Tysnesingen kom inn på arenaen til lyden av Lucky Chops muntre versjon av Funkytown. Sjølv om dette innslaget var relativt tidleg i programmet, hadde det danna seg mykje kø ved inngangen, og inne på arenaen myldra det med feststemte folk.

Når Dagny entra scena, samla mange seg og sang med til fleire av hitsa hennar. Og når Hellbillies stod for tur, var det ein herlig miks av allsang og dans framfor seilet scene. Sondre Justad overraska publikum med å ta seg ned på arenaen for å syngja midt i folkemengda, før han nærmast “flaut” tilbake på scena over ivrige fans som løfta han bortetter.

Etter at Gåte hadde trollbunde publikum med sitt mystiske sceneshow og sin energiske folkrock musikk, gjenstod det berre ein artist. Framfor fyret scene var det fullstappa, og i eit formidabelt pyroteknisk lysshow spelte Alan Walker låtene sine for drøye 6000 publikumarar. “Takk, det er ei stor ære å få spela på heimebane her på Tysnesfest”, uttalte Alan Walker frå scena.

Her kjem bildedryss frå kvelden i går:)

 

Dagny

 

Hellbillies

Sondre Justad

 

Gåte

Alan Walker