Padlegruppa i Tysnes Turlag på veg mot Solstråleøya. Foto: Rebekka Høgestøl

Fleire aktivitetsgrupper på plass

Publisert av: May Britt Meland
6/6/2020 06:33

Tysnes Turlag har sidan stiftingsmøtet lagt litt lavt pga koronasituasjonen. Men me har jobba litt i kulissane med inndeling av grupper innad i Turlaget. Me veit det er mange som ventar på «livsteikn» frå oss, og håpar me framleis har de som melde dåke som frivillig, med oss.

Me har som sagt danna grupper, og desse er:

Sti/Merkingsgruppa
Her er me i gang med å arrangere vårt fyrste merkingskurs, men sidan det kun var plass til ti stk, så er kurset allereie fullteikna, men me lovar fleire av desse kursa framover. Me er òg i gang med å velga ut stiar der det trengs rydding/merking, og har kontakta bygdelaga og idrettslaga om innspel til prioritering av stiar.
Ansvarleg for denne gruppa er Karl Lunde.

Turledergruppa
Me ser for oss å arrangere turar om søndager, kanskje så ofte om kvar 14. dag. Og då kjem me til å velje turar på eit par timar, med varierande turmål.
Ansvarleg Celine Cevy Dahl.

Padlegruppa
Me hadde nettopp vår fyrste padletur; frå Apalvikjo til Solstråleøya der me hadde ein liten pause før returen. Dette var så gøy at me satsar på å få til ein slik tur den fyrste torsdagen i månaden. Krav for å vera med på padletur er våttkort.
Ansvarleg for denne gruppa er Ragnhild Malkenes.

Me har òg ein del frivillige som vil hjelpe til på arrangement, og ansvarleg for denne gruppa er Christine Breyholtz.

 

Ein god rast på Solstråleøya etter ein flott padletur. Foto: Rebekka Høgestøl.

 

Om du vil vera med på tur, kjem me til å legge dei ut på heimeside, Tysnesingen.no og facebook.

Om du vil melde deg som anten medlem eller frivillig, sjå linkar på Tysnes Turlag si heimeside eller facebookside.

Tekst og foto: Rebekka Høgestøl, leiar Tysnes Turlag