Stor aktivitet i Kjevikjo på Kom deg ut -dagen Foto: Rebekka Høgestøl

Kom deg ut-dagen

Publisert av: May Britt Meland
5/9/2022 14:37

Med strålande vær, var det ikkje vanskeleg å få folk ut på den nasjonale kom deg ut – dagen.

Barnas Turlag Tysnes og Tysnes Turlag stelte til eit kjekt arrangement i Kjevikjo.

Mange møtte og storkoste seg i fineværet. Turlaget bydde på naturbingo og serverte bålpannemat.

Rebekka Høgestøl i Turlaget fortel at det vart delt ut 110 pølser, og på naturbingoen vart det levert inn 25 svarark.

-Det vart ein kjekk dag med naturbingo og masse bading!

Turlaget takkar alle som kom og var med å gjere dette til ein kjekk dag!