Ladegården korps i Tysnes bedehus
7/4/2022 14:51
Fin kveld med Frelsesarmeen
Gjennom meir enn 20 å har Frelsesarmeen med Ladegården Korps vore ein fast gjest i Tysnes bedehus éin gong i året til stor glede for tilhøyrarane.
Etter ein pause på to år på grunn av pandemien var dei fredag kveld tilbake i bedehuset med både brass- og korgruppe som sytte for mykje fin song og musikk. Elles inneheldt kvelden fellessong, andakt og servering av kveldsmat. Det var eit godt frammøte og stemninga var god.


Gjestene frå Bergen gjev alltid uttrykk for at dei har glede av å ta turen til Tysnes, og dei vil gjerne koma tilbake neste år. Kollekten fredag kveld går til Frelsesarmeen sitt arbeid, som i desse dagar har mykje merksemd kring hjelpearbeidet mellom alle flyktningane frå Ukraina som er komne til Bergen.
Tekst/foto: Tysnes bedehuslag.