Arkivbilde frå eit tidlegare besøk av Ladegården korps i Tysnes bedehus.

Frelsesarmeen kjem til Kyrkjeståvo

Publisert av: May Britt Meland
20/9/2023 11:46

Pressemelding

Heilt sidan slutten av 1990- talet har Frelsesarmeen Ladegården Korps besøkt Tysnes éin gong i året. Dette har vorte ein hyggeleg tradisjon for den trivelege armeflokken frå Bergen.
Dei har hatt glede av arrangementet i Tysnes bedehus (no Kyrkjeståvo), og det same har alle som har møtt fram. Programmet med musikk frå brasskorpset, korsong, fellessong, andakt og matservering har blitt godt motteke.
Frelsesarmeen har ei eineståande evne til å skapa glede og begeistring. Difor har desse kveldane vore populære og samla mange frå heile øya.

No nærmar det seg ein ny kveld med Ladegården korps.
Fredag 22. september er dei igjen med full glød på plass i Kyrkjeståvo.

Det blir heilt sikkert ein god kveld saman med dei inspirerte gjestene frå Bergen. Ein slik kveld får ein glede av.

Tekst og foto: Hans Ole Dalland