Jegerprøvekurs 2022

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/3/2022 08:54

8 deltakarar har over to helgar gjennomført jegerprøvekurs i regi av Tysnes jakt og fiskelag.

Dei har fått innføring i ulike delar av eit jegerliv.
Human og sikker jakt og praktisk skyting har stort fokus i kurset.

Under samlinga om behandling av felt vilt, fekk kurset ein påkjøyrd hjort å øve seg på. Dette var svært kjekt og mykje meir lærerikt enn alternativet med videoar og instruktørar som snakkar.


😊Dei ulike jaktbare artane kan til tider være vanskeleg å skilje, men resultata på eksamen viste at kandidatane kunne det dei skulle, og er no jegerar.

Tysnes jakt og fiskelag arrangerer jegerprøve kurs på Tysnes ei gong i året. Dette skjer som oftast i tidsrommet februar/mars.

Er du interessert er det berre å ta kontakt så sett me deg på liste og gjer beskjed ved oppstart.

Grunnleggande blodsporkurs blir arrangert fyrste helga i april, med instruktørar frå jakt og fiskesenteret på Flå.
Er dette noko for deg, ta kontakt med Bjarte Erstad og meld deg på.