Det blir stemning i bedehuset når brassgruppa spelar.

Ladegården korps i Tysnes bedehus

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/4/2022 14:51

Fin kveld med Frelsesarmeen

Gjennom  meir enn 20 å har Frelsesarmeen med Ladegården Korps vore ein fast gjest i Tysnes bedehus éin gong i året til stor glede for tilhøyrarane.

Etter ein pause på to år på grunn av pandemien var dei fredag kveld tilbake i bedehuset med både brass- og korgruppe som sytte for mykje fin song og musikk. Elles inneheldt kvelden fellessong, andakt og servering av kveldsmat. Det var eit godt frammøte og stemninga var god.

Margun Thaule (t.v.) og Wigdis Timonen møter alltid fram når Frelsesarmeen kjem til Tysnes bedehus.

Koret i aksjon med fine songar.

Gjestene frå Bergen gjev alltid uttrykk for at dei har glede av å ta turen til Tysnes, og dei vil gjerne koma tilbake neste år.   Kollekten fredag kveld går til Frelsesarmeen sitt arbeid, som i desse dagar har mykje merksemd kring hjelpearbeidet mellom alle flyktningane frå Ukraina som er komne til Bergen.

Tekst/foto: Tysnes bedehuslag.