Arkivfoto Tysnesingen.no Foto: Lars Petter Epland

Ladar opp til NM

Publisert av: May Britt Meland
1/2/2019 18:38

Tysnes Musikklag er no inne i den siste og hektiske tida før dei skal delta i NM for Brassband.
Vil du høyre kva dei skal spele, så ta turen i Tysneshallen søndag 3. februar kl 17.30.

 

Foto: Skjermdump YouTube

.

.

Korpset deltek i 2. divisjon under NM og skal framføre musikkstykket Forest of Dean.
Tittelen på musikkstykket kjem frå eit området som kalles Deanskogen, og som er eit geografisk, historisk og kulturell region i den vestlige delen av det engelske fylket Gloucestershire. Skogen er fra oldtiden og mest kjent for produksjon av trekull, jernframstilling og gruvedrift etter kull. Komposisjonen er frå tidleg 1960 talet, skrevet av eit band som heitte The Forest of Dean youth brass band.

Fredag 8. februar 10.50 går dei på scena i hovedsalen i Grieghallen under kyndig leiing av dirigent Yngve Nikolaisen.