Hjertestarterdagen

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/10/2019 15:57

Hjertestartardagen er eit europeisk initiativ som har utvikla seg til å verta eit globalt konsept i løpet av 2018. Hensikten med hjertestarterdagen er å auka beredskapen ved å tilby kurs og kunnskap om hjerte-/lungeredning, og korleis ein kan bruka ein hjertestartar i eit nødstilfelle.

Her kan du finne ein oversikt over kvar det er hengt opp ein hjertestartar, og du kan registrere at du har hengt opp ny, kart: https://www.113.no/hjertestarterregisteret/

Denne dagen er tenkt for både sertifisert personell og for personar som ynskjer å læra meir om bruk av hjertestartar.

For sertifisert personell innafor førstehjelp, er dette ein mulighet til å bidra til aukt beredskap ved å frivillig (ideelt arrangement) holde kurs for personar som har behov for det.

For personer som ynskjer å læra meir om hjertestans og livreddande førstehjelp med bruk av hjertestartar, er dette ein mulighet til å læra meir og bli betre forberedt ved ein hjertestans, heime, på jobben eller kvar som helst.

Kvifor er det så mykje fokus på hjertestans og bruk av hjertestarter?

I Europa dør ca 350 000 mennesker av plutseleg hjertestans utanfor sjukehus kvart år. Til samanlikning dør 28 000 i trafikken. Rask og riktig hjerte- og lungeredning med bruk av hjertestartar aukar sjansane for å overleva betraktelig.

Her kan du lesa meir om hjertestarterdagen.

 

Opplysningar er henta frå hjertestarteren.no