Kva lurer du på? – markering av Barnehagedagen

Publisert av: Vegard Aslaksen
14/3/2019 10:09

Tysdag og onsdag denne veka markerte barnehagane på Tysnes, Barnehagedagen. Det er FUB, Fagforbundet og Utdanningsforbundet som står bak Barnehagendagen som i 2019 blir arrangert for 15. gong. Årets tema er bornas nysgjerrighet og undring. Ved å vera nysgjerrige, undra seg og utforska, lærer borna om verda rundt seg. Gjennom leik, undring og skapande aktivitetar, skal borna utvikla kunnskapar og ferdigheitar innanfor ulike områder. Sjølve Barnehagedagen var på tysdag men grunna vêrtilhøva valte nokre av barnehagane å markera dagen på onsdag i staden.


Onarheim barnehage

Barnehagedagen i Onarheim Barnehage ble feiret med besøk hos Alsaker fjordbruk for de eldste. Der var det lagt opp til et flott program. Vi fikk se film og sett prosessen fra fiskeegget «Salomon» som ble til en fullvoksen laks. Barna fikk og sett små Rognkjeks og høre om hvilken oppgave den har for oppdrettslaksen. Onarheim barnehage har som halvårstema om Livet i havet så dette var midt i blinken et tema for oss.

De yngste i barnehagen hadde flere eksperiment med såpe, vann, kondittorfarge og brusepulver.
På ettermiddagen inviterte vi foreldre til sang og serverte laks med tilbehør. Barnehagen var så heldig og fikk med seg hele 6 laksesider fra Alsaker og kunne da servere ett flott måltid til alle barna og foreldre.

Tekst og bilder; Frid Espevik


Lunde barnehage

Med årets tema «eg lurer på…», lurte me på kor mykje barn, foreldre og tilsette kunne gå inn til krafttak mot kreft ved å gå til Blåbærhaugen.

I forkant av denne turen snakka me litt om kva kreft er, kva Krafttak mot kreft er, og kva veldelighet og fellesskap er.

Med oss på turen fekk me totalt 12 barn og 10 vaksne. Og med 100 kr pr pers til topps vil det sei at «me gjekk inn» 2200 kr til kreftforskning. Barna fekk utdelt diplom frå Kreftforeninga då dei kom opp.

Ein strålande tur for store og små, i strålande Tysnes-vèr!

Tekst og bilder; Wenche Fagerbakk


Vågsmarka barnehage

I Vågsmarka barnehage fekk borna vera med å bestemme ulike tema som ein lurte på og ville læra meir om. Ein tok for seg eit nytt tema kvar dag og på sjølve barnehagedagen var det Minions figurar som stod på programmet. Minions er ein amerikansk animasjonsfilm frå 2015 og desse artige figurane har mange uttrykk og personligheitar som er spanande å utforska.

Foto; www.facebook.com/MinionsNo/

 

Stjernereiso barnehage

I Stjernereiso barnehage markerte me dagen med ulike praktiske og estetiske aktivitetar, ute, og løfta estetisk praksis med mål om å gjera den meir tilgjengeleg i kvardagen til borna. Me undra oss saman med borna med ulike eksperimenter, og her er litt bilete frå ei flott markering av Barnehagedagen 2019.

Tekst og bilder; Gerd Kongsvik