Bilete: Frå babysong på Tysnes Omsorgssenter i 2021

Babysong på Tysnes Omsorgssenter

Publisert av: Martha Nygård Lande
1/11/2021 13:16

Mange av bebuarane hadde nok venta på dette, og oppmøte var stort då Marit med gode hjelparar kom til omsorgssenteret og arrangerte babysong igjen etter ein lang pause på grunn av pandemien.

Tre babyer frå ca 2mnd – 7 mnd, med sine gode mammaer, kom og var med, og gjorde det til ei kjekke stund for dei eldre.

Ansatte og brukarar på omsorgssenteret takker for besøket.