Korsong og mykje meir på «menyen»

Publisert av: May Britt Meland
22/4/2025 06:29

Søndag 27. april kl 16.00,  inviterer Tysnes kammerkor til triveleg «Korkafé»  i ungdomshuset i Lunde.

Etter fleire år med «Korkafé» i OnarTun tek koret denne våren turen til Lunde. «No livnar det i Lunde» har komiteen sett som tittel på koret sitt vårlege tilbod.

Dette arrangementet har vore populært og har kvar gong samla eit stort publikum med flott stemning. Koret byr på eit variert og fint program med song og musikk signert ei rekkje av dei mest kjende artistane i landet. Mellom dei er Bjørn Eidsvåg, Åge Aleksandersen, Jahn Teigen og Terje Tysland. Internasjonalt innslag blir det òg med eit nummer av Mikis Theodoraskis.

Fem solistar skal i aksjon under framføringa. Det er ekstra stas med solistar, dei kjem til å setja  farge på programmet. Musikken og tonefølgjet er i trygge hender  med Endre Hodneland. Han har ved fleire tidlegare høve vore koret sin «konsertmeister».  Koret sin dirigent gjennom dei seinaste ti åra, Trent Bruner, har terpa og drive koristane godt fram mot dette  arrangementet, som elles vil innehalda allsong og  kaffipause med kaker og utlodding.

Ta turen til «Frilund» på søndag, er kammerkoret si oppfordring.

Bildetekst: Frå koret sine øvingar dei seinaste vekene.