Insekthotell Foto: Ugleloftet

Bygg eit hotell

Publisert av: May Britt Meland
18/4/2020 12:29

Sjølv om det er ei stund til “Den internasjonale biedagen”, 20. mai, er mange bier og insekter vakna til liv no. Nytt dei fine dagane vi har framfor oss og gjer det litt ekstra kjekt å være insekt! Det er ikkje verken vanskeleg eller krevande å byggja eit bie/ insekts-hotell, berre sjå her!

Korleis går du fram?
Eit insektshotell kan byggast på alle tenkjelege måtar. Her er det ingen begrensningar og byggjereglar! Fantasi, materiale og plass er det einaste som set grenser.

Plassering
Som andre hotell gjester ynskjer også insekter mest mogleg sol, difor bør ein plassere hotellet mot sør. Eit godt tips er å plassere det mot ein mur, då oppnår ein god varme. Gjerne i nærleiken av pollen- og nektarrike plantar.

Materialer
Du treng ei ramme som må tåle vær og vind, være stødig og helst ha en bakvegg. Du kan gjerne også dele ramma inn i ulike rom. Kanskje ei gammal fuglekasse utan front, ein tom blikkboks eller ein bit av ein trestamme?

Det neste du treng er ulike naturmaterialer som ulike insekter trivast med. -Hule grasstrå, pinnar, mose, trollskjegg, konglar, bark, tørkede stenglar frå lupiner, tørt gress og trestammer som ein borar hol i. Ha ulike storleikar på hola du borar, gjerne 2mm, 4 mm og 5,5 mm.

Hovedbildet syner insekthotell bygd av bloggaren Ugleloftet.
Blikkboksen er fylt med pinnar og fuglekassa er fylt med litt av det meste.

Foto: Ugleloftet