Afternoon tea party

Publisert av: May Britt Meland
6/6/2026 12:45

Fredag 5. juni var det invitert til Afternoon tea party i Tveit Grendahus.

Ved ankomst gjekk festpynta damer i kjoler og hatter,  på raud løper som seg hør og bør..før dei benka seg rundt festpynta bord i salen, alle klar for damenes aften.
Og for dei som ikkje hadde eigen hatt denne ettermiddagen kunne få låna i eit rikt utval.

Elna Fulton ynskte så alle velkommen og til bords.
Ho fortalde også om historia om korleis ideen hadde dukka opp om og arrangera party.

Ho hadde kjøpt nokre nydelige tekoppar på gjenbruksmarkedet her på Tveit i fjor haust hos Ingrid Storetvedt. Og det var då Afternoon tea party kom på banen .
Alle som var der tente på idéen og ein fann ut att , jo me har lyst og prøva og laga til eit teaparty.

Ho fortalde også vidare om maten som låg flott dandert på fata, sandwich, scones og søte bakverk, alt baka og laga av Elna sjølv.

Hjelparane hennas(komiteen) hadde hatt i oppgåva og smørja sandwich og koka te, i tillegg til opplegging av maten på fata.
Ikkje alle av oss hadde vore på party før så dette var både lærerikt og interessant.

Historien bak
Afternoon tea party oppsto først i England på 1800 tallet då hertuginnen av Bedford, Anna Russel trengte eit lett mellommåltid for og stilla sulten mellom frukost og sein middag.
Det var vanlig i den britiske overklassen og kun eta to hovudmåltider.
Hertuginnen fant stor glede i dette vesle måltidet og ho byrja difor og invitera venninner til og delta i selskap.

Kongelig godkjennelse
Då dronning Victoria begynte og delta på slike ettermiddagsselskaper blei konseptet for alvor sementert som ein fast tradisjon.

Då dronning Maud kom til Norge og kongehuset vårt, vart denne tradisjonen starta her i landet også, noko kong Harald og Dronning Sonja har vidareført i tradisjonen når dei inviterer eldre ildsjeler til ettermiddagste.

På Afternoon teapartyet på Tveit var det også laga til sandwicher, tradisjonelt med skorpa skåren av, nokre var fylt med agurk, andre med røykt laks, og andre med egg med majones.
Det var nydelig mat og alle fekk smaka på dei forskjellige rettane,
Sandwicher, scones med syltetøy, clotted cream,småkaker og heimelaga sjokolade.

Ei koselig ettermiddagstund vart det av damenes aften, og det var mange fine og rosande ord om kor kjekt detta var, så detta vart suksess og freistar til gjentakelse.

Takk til komiteen for flott pynta og gjennomført selskap,
og til alle ladyene som kom på
Afternoon teapartyet.

Overskuddet av kvelden blir gitt til Flykningehjelpen.

Tekst/foto
Anne Langeland