btr

Korpskveld i Tysnes Røde Kors Hjelpekorps

Publisert av: Vegard Aslaksen
28/1/2018 19:29

Tysnes Røde kors Hjelpekorps hadde si fyrste samling etter nyttår på Torsdag denne veka.

Denne kvelden var det førstehjelpsdisipliner som stod på programmet. 6 personar møtte opp og fekk oppfrisking i pasienttransport på båre med tausikring. Det vart trent på både vanlig båreleie og traumeleie (stabilt sideleie). Etterpå vart det trening på forskjellige løfteteknikkar av pasient. Her var me gjennom krabbedrag,slepeløft, tomannsløft og klesløft.

Kvelden vart avslutta med ein gjennomgang av vakuumspjelking av armar og bein, samt litt teori om kordan dette skal utførast med ulike skader. Alt i alt ein kjekk kveld med oppfrisking av nyttig kunnskap.

Tysnes Røde Kors har korpskveld annakvar torsdag med mange varierte og nyttige tema. Er du nyskjerrig på kva me held på med og har lyst å vera med, er det berre å kontakta ein av oss i hjelpekorpset eller stilla på korpskveld som er annakvar torsdag kl 19.00 i korpshuset.

Følg med på facebook sidene til Tysnes Røde Kors Hjelpekorps for meir info.