Altibox kundar er dei mest nøgde tv-kundane i Norge

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/10/2018 20:41

I ei pressemelding skriv BKK Breiband følgjande; Altibox-partnarskapet gjer eit byks i nasjonale målingar, og har igjen dei mest nøgde tv-kundane i Norge. For niande år på rad har fiberfamilien også dei mest tilfredse breibandskundane.

– Som Altibox-leverandør på Tysnes gler vi oss over resultata, og takkar for tilliten hos kundane våre, seier dagleg leiar Ingrid Haaland hos BKK Breiband (tidlegare Tysnes Breiband)

– Altibox har lukkast godt med å vidareutvikla tv-løysinga si i løpet av det siste året, og tilbyr no den mest populære tenesta. Stabilitet og brukarvenlegheit er god, og poengsummen på 70 er blant dei beste som er målt innan tv-distribusjon, seier dagleg leiar Fredrik Høst i EPSI Rating Norge.

2400 nordmenn har svara på spørsmål i undersøkinga om breiband og tv i privat- og bedriftsmarknaden til det uavhengige analysebyrået EPSI Norge. Altibox leverer tenester til BKK Breiband og ei rekke andre lokale leverandørar som blir målt av kundane i denne undersøkinga. I år gav Altibox-kundane ein score på 70 poeng på tv, 67,9 poeng på breiband og 73,1 poeng på breiband i bedriftsmarknaden – og sende dermed partnarskapet til topps i samtlege kategoriar.

Du kan lesa heile pressemeldinga her.