Konsertstemning på sjøen

Publisert av: May Britt Meland
11/7/2021 09:44

Med arena på E-brygga og smittevernreglar som avgrensa antal bilettar til 200, var det mange som nytta høvet til å få seg ei unik musikkoppleving frå eigen båt.

Alle kveldane var det god stemning på sjøen, båtar låg på rad og rekke med folk som koste seg med flott musikk.

Laurdagskonserten vart avslutta med folkekjære Hellbillies. Kjende og kjære låtar strøymde utover vågen, ei magisk oppleving!

Linda N. Fagerbakk fortel at dei var fire båtar som låg i lag. Familie, vener og naboar som fekk seg ei heilt spesiell konsertoppleving.

Lesarfoto: Linda N. Fagerbakk