Rasmus Atle Dalen, Åse Enes, Svein Økland, Sabine Koch og Ingvild Aslaksen Hustad. Foto Ketil Skjolde

Såto, Etlådne og Hovlandsnuten på ein dag

Publisert av: May Britt Meland
14/6/2022 19:34

Søndag, 12 juni, hadde Turlaget fellestur frå Gjerstad til Årbakka. På turen var me innom dei tre høgste toppane på Tysnes.

På fyrste etappe frå Gjerstad til Gjerstadstølen fekk me gå mens da enda var opplett. Vekslande vær etter det, med regn og kald vind på Såtetoppen.

Såtetoppen. Foto Åse Enes

 

Ingen utsikt på Etlådne, mens på Nuten fekk me gløtt av utsikten i perioder.

Etlådne. Foto Åse Enes

 

Nuten. Foto Ketil Skjolde

 

Turen gjekk altså frå Gjerstad til Såto, via Gjerstadstølen. Frå Såto gjekk me merka sti til Etlådne, via Breistøl, vidare til Hovlandsnuten. Gjekk ned Svinedalen og avslutta turen på Årbakka.

Svinedalen. Foto Åse Enes

 

Spreke og flotte turdeltakarar, som holdt godt humør på heile turen. Sjølv om da var vått og grått vær på store deler av turen.
Turlaget stilte med Åse Enes og Ketil Skjolde som turleiarar.

Tekst og foto: Åse Enes og Ketil Skjolde