På tur til Agatunet

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/5/2023 10:03
Torsdag 11. mai reiste Tysnes Sogelag, Tysnes Bygdekvinnelag og Jåttlaget på busstur til Agatunet i Hardanger.

I tidlegare tider hadde Noreg mange klyngetun, men Agatunet er eit av dei få bevarte. Her er det 67 freda bygningar, og i tunet finn ein eineståande døme på vestnorsk byggeskikk frå mellomalderen og fram til i dag.

Her finn du Noregs eldste kjende rettsal, ein riddarresidens og spor etter mange år med kvardagsliv.

Det eldste noverande huset er Lagmannsstova, som vart bygd rund 1220 av slekta til riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson. 

Her kan du lesa meir om historia til Agatunet.

Foto: Freddy Jensen