Høyr Mads Rage i litterær podkast

Publisert av: May Britt Meland
28/11/2020 19:50

Dei åtte biblioteka i Sunnhordland har til no publisert fem podkastar, og to til kjem snart. -Eit heilt nytt og spennande litterært prosjekt! Podkastserien er kalla «Heim til Sunnhordlandslitteraturen».

Ein av forfattarane du kan høyra er Tysnesforfattaren Mads Rage. I det varme og hjartelege intervjuet fortel han om kor han finn inspirasjon til bøkene sine. Du får også høyre om dei ulike bøkene hans.

Over 60 aktive forfattarar blir rekna som sunnhordlandsforfattarar. Biblioteka ynskjer med prosjektet å skapa større merksemd om dei ulike forfattarrøystene som er i Sunnhordland

Klikk på lenkjene under og høyr forfattarane.

Heile saka kan du lese på Tysnes Folkebibliotek.