Illustrasjonsbilete

Kom mai du skjønne milde

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/5/2021 09:30

I fylgje primstaven var 1. mai Gauksmesse og 3. mai Korsmesse om våren.

Gauksmesse

Frå gammalt av sa ein om Gauksmesse at dersom ein fyrst høyrde gjøken gale i sør, ville ein kunne så i tørt vær og få ei god avling.

Høyrde ein gauken i nord, var det død og sjukdom som trua. Dersom gauken gol i vest, gjekk alt slik som ein ønska. Høyrde ein at gjøken gol i aust, fekk ein lukke i giftarmål.

Mange stader var det vanleg at ein tok varsel av været denne dagen. I Stor-Elvdal vart det sagt at om det var godt vær dei tre fyrste maidagane, ville det bli ein god og mild forsommar.

I Gudbrandsdalen rekna ein med at det vart ein kald sommar dersom det var kaldt vær dei første mainettene.

Korsmesse om våren

Frå gammalt av sa ein at det var visse arbeidsoperasjonar som skulle vera avslutta til korsmesse om våren. Gjerdinga skulle vera avslutta og grindane lukka, på denne dagen. Sauene skulle vera klippa og klare til å sleppast ut.

Korsmesse var rekna som fyrste sådagen i lavlandet. I Gaular skulle havren vera sådd innan denne dagen. I Solør skulle nylendet harvast og halvparten av havren vera sådd. I Salten heitte det at linerla kom på denne datoen.

Eit ordtak sa også at om det snøa på denne dagen, skulle det bli eit godt år.

 

Henta frå snl.no