Kø på Halhjem
20/6/2009 07:41
Problemet var berre at bussen aldri dukka opp, fordi ho stod i kø ute på Halhjem. Dermed vart taxi einaste utvegen, og den fekk oss så langt som til Haugland, kor køen byrja. Deretter var det berre å springa ned til kaien, kor det var fullstendig kaos. Bilar køyrte ned mot kaien i begge køyrefelt, og ingen stogga dei bilane som kom køyrande i motsett retning.
I rundkøyringa var det visst berre ei køyreretning: ned mot kaien. Problemet, såg me då me kom ut på kaien, var at kaien til Sandvikvåg-ferja tilsynelatande var full. Fleire bilar ville ned, men hadde ikkje mange stader å gjera av seg. Det var over 2 ledige radar på Våge-ferja si del av kaien, men desse vart ikkje nytta.
Etter kvart som både Sandvikvåg- og Våge-ferja la til kai og sleppte bilane i land, bygde det seg opp improviserte radar med bilar som skulle til Tysnes på utsida av rad 1 til Våge-ferja, noko som gjorde at det tok svært lang tid å losse for Sandvikvåg-ferja.
Alt i alt var det særs kaotiske tilstandar, og ikkje minst farleg, når bilar køyrde utan kontroll på feil side av vegen. Kor var politiet oppe i alt dette? Det såg verkeleg ut som om det ikkje fantest trafikkreglar på kaien, for bilar køyrte i alle retningar og tok u-svingar midt i vegen. Er dette noko me berre må leva med, eller går det an å ordna det? Og kven har i så fall ansvaret?
(Alle bilete: Randi Kleppe)