Kreative ungdommar

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/4/2020 13:47
Kva kan ein finne på dersom dagane vert for lange? Desse to gutane har i alle fall hatt litt å gjera på.

Tobias Dalen Hagen og Jonas Hagen-Lunde har laga seg eit teqball-bord (fotball – bordtennis). Vidar Lunde hos Envira bygg har sponsa dei med material, og dei har brukt fleire timar på å bygge bordet. Bordet er forseggjort, dei har gravert det med logoar av favorittlaga sine, Manchester United og Liverpool.

Tobias Dalen Hagen og Jonas Hagen-Lunde

 

Til vanleg spelar Tobias og Jonas fotball på Njardar/Tysnes sitt G15 lag, men på grunn av Korona-tiltaka har dei ikkje fått spelt kampar, eller trent, no.