Foto: Eikedalen Skisenter

Vil ha fleire ut på ski

Publisert av: May Britt Meland
22/9/2019 19:52

Fredrik Tønjum ved Eikedalen Skisenter ynskjer at fleire kjem seg ut på ski til vinteren. Austpå har dei hatt stor suksess med ein prisreduksjon, og no gjer dei som Oslo Vinterpark, og halverer prisen på sesongkort for sesongen 2019/20.

Tønjum fortel at dei har god kapasitet til å handtere den auka dette tiltaket forhåpentlegvis vil medføre. -Vi deler intensjonen til Oslo Vinterpark, som er å få fleire ut på ski.

-Eikedalen er det nest største bynære alpinanlegget i Norge, og vi trur at det kan ligge eit stort potensiale med sterkt reduserte prisar. -I tillegg vil det bli enkelt å kjøpe kortene på nett, avsluttar Tønjum.

Meir info og prisar finn du inne på heimesida til Eikedalen Skisenter og på facebook .