Stavangerkameratane gler seg til Tysnesfest 2021! Foto: Rune Sørensen

Klare for Tysnesfest 2021!

Publisert av: May Britt Meland
24/5/2020 20:00

I kveld kan Tysnesfest presentere eit lite knippe artistar til Tysnesfest 2021!

-Etter den utruleg kjedelege beskjeden om at me ikkje får arrangera festival i år kom har me ikkje lagt på latsida, seier Øystein Vaage, dalgeg leiar i Stiftinga Tysnesfest. -Me var svært nøgd med lineupen til 2020, og hadde verkeleg ikkje lyst til å berre forkasta den, så me byrja arbeidet med å ombooke artistar allereie i vekene før kanselleringa var eit faktum.
Det er tydelegvis mange billettkjøparar som stoler på at me skal gjera ein god bookingjobb, for det er svært mange som har bedt om verdikupong for billett til neste år. Me vil samtidig takka til alle dei som har valgt å avstå frå refusjon. Slikt varmar godt i eit arrangørhjarta!

-Me har jobba intenst for å få på plass den feite lineupen me hadde booka til 2020, og det var ikkje tvil om at når me måtte kansellera festivalen på grunn av Corona var vårt største ønske å få flytte over alle artistane.
Det går nok ikkje med absolutt alle, men me har ein svært positiv dialog med dei aller fleste!

-Me har allereie tjuvstarta lanseringa med Vinskvetten, og det er med stor glede me kan lansera Bjørn Eidsvåg, Hellbillies, Stavangerkameratene og Hjerteslag til Tysnesfest 2021!

Alle dei hittil lanserte artistane skal spela torsdag 8. juli 2021!

Tilbakemeldingane frå artistane har vore udelt positive, og hittil er det berre eit par av artistane det kan sjå ut som me ikkje får til å flytta over til 2021 på grunn av reiseruter som ikkje går opp.

 

Rockepresten med band til Tysnesfest

Bjørn Eidsvåg tek med seg fullt band og sin slagerkatalog når han kjem tilbake til Tysnesfest.

I sommar skal Eidsvåg gjere det han likar aller best, nemleg legge ut på turné og besøke landets krikar og krokar.

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spilt teaterforestillinga «Etterlyst: Jesus» på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på ei rekkje festivalscener, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld Norgesturné saman med Sigvart Dagsland. I sommar speler rockepresten på nokre utvalde festivalar.

«Ny konsertsesong er like rundt hjørnet. Nye sanger skal presenteres for publikum, gamle låter skal pusses opp og kjente sanger skal spilles som de er. Vi er klare og gleder oss!», forteller Eidsvåg.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrevet ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noke som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet er ei oppleving som passar like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer, kulturhus og festivalar over det ganske land.

Bjørn Eidsvåg speler på Gjerstad arena torsdag 8. juli 2021

 

Hellbillies

Hellbillies og Tysnesfest er perfekt match og sidan dei i 2020 skulle feira 30 års jubileum var det ganske sjølvsagt at me skulle invitera dei tilbake i jubileumsåret! Festivalen blei corona-avlyst, men me har ordna det slik at me feirer 30 års jubileet eit år forsinka.

Hellbillies er er eit av landets aller beste liveband, og dei har dominert hitlistane i Noreg sidan den forsiktige starten i 1990.

Monsterhiten «Den finaste eg veit» har over 25 millionar strøymingar på Spotify. Men det er ikkje den einaste låten dei er kjende for. «Ei krasafaren steinbu», «20 år på vegen», «Råka tå ei pil» og «Mørkemann» har alle vore høgt oppe på hitlistane og massivt spelt på radio.

 

Stavangerkameratene

Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland er kvartetten som utgjer Stavangerkameratene. Tysnesfest 2021 får besøk av gjengen frå Stavanger, og snart kan du synga med på hits som «Bare så du vett det», «Vil du shalala» og «Vekk meg opp» runga over Gjerstad Arena.

Det unike samarbeidet «Stavangerkameratene» oppstod i Stavanger sommaren 2015 då Kjartan, Tommy, Glenn og Ole Alexander skulle opptre på opninga av Volleyball-VM. I det dei gjekk på scena sa konfransier Stian Blipp: «Det er litt fristende å kalle dei Stavangerkameratene» og etter det har navnet blitt hengande ved dei. «Me har mykje sjølvironi, så det er berre deilig når det blir litt halvkleint, dessutan er det ikkje kvar dag ein blir døypt av sjølvaste Stian Blipp» Seier Tommy Fredvang.

Gled deg til ein fantastisk kjekk torsdag 8. juli 2020! 

 

Hjerteslag – på Såto OG på Gjerstad!

Hjerteslag er punkarar som spelar pop. Eller poparar som spelar punk? Iallefall er dei tøffare enn toget, og dei rir på ei enorm popularitetsbølge som gjev dei heltestatus iallefall i sin eigen by, og no ser det ut til at det ikkje berre er bergensarane som ser opp til karane i Hjerteslag!

I 2019 avslutta dei Bergenfest til ein steming som vanskeleg kan beskrivast. Dei speler for fulle hus på store klubbar, og på Røkeriet siste helga i november måtte dei setja opp ein ekstrakonsert for å få plass til alle som ville ha billett!

Torsdag 8. juli 2020 kjem dei til Tysnesfest! Fyrst på dagen kan du oppleva dei akustisk og nedstrippa på Tysnessåto, og seinare skal dei avslutta torsdagen på Gjerstad med fullt trøkk og masse feite lys og show!