Marius Rennesvik Borgen og Maria Skaaheim Lunde frå Onarheim skule og Per Verner Aase frå Tysnes Frivilligsentral.

Flinke elevar vart heidra.

Publisert av: May Britt Meland
27/8/2018 19:10

Som takk for ein fantastisk innsats under fjorårets TV-innsamling, vart både Onarheim og Tysnes skule heidra med eit kjempeflott diplom.

I dag tok Per Verner Aase ved Tysnes Frivilligsentral turen til Onarheim skule for høgtideleg overreking av diplomen.

Dei stolte elevane Marius og Maria frå 5. klasse tok imot diplomet på vegne av Onarheim skule.

 

 

Sist måndag var ordførar Kåre Martin Kleppe og frivilligkoordinator Per Verner Aase på Stord i anledning «Kick-Off» for TV-innsamlina 2018.

Årets innsamlinsaksjon er søndag 21. oktober. I år er det Kirkens Bymisjon som er mottakar.  Midlane som vert samla inn går til arbeidet for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn, derfor slagordet “MINDRE ALENE SAMMEN