Det nærmer seg oppstart for stolpejakta

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/4/2024 07:55

Stolpejakta Tysnes 2024 startar opp 1. mai og varer fram til 1. november.

Dette er eit samarbeid mellom Reksteren Idrettslag, Tysnes Idrettslag, Vågsmarka Vel, Lunde Bygdalag, Onarheim Idrettslag og Onarheim og Tveit Bygdalag og Flatråker Bygdalag.

Lurer du på korleis stolpejakta fungerer? Her får du det i korte trekk:

1. Finne stolpar
Du treng kart der stolpeplasseringane er markert. Kartet kan ein få som fysisk kartmappe, eller elektronisk integrert i app.

Stolpane har ulik vanskelighetsgrad:

  • GRØNN – veldig enkel, kan nåes med sykkel og rullestol
  • BLÅ – enkel
  • RØD – medium
  • SVART – vanskeleg

2. Registrer
Når du har funne stolpar, kan det registrerast enten via ein app, i nettportal, eller manuelt ved å fylla inn direkte i kartet.

Kvar stolpe er påtrykt ein kode og ein QR-kode. For manuell registrering noterer du koden rett på kartet, som ein seinare sender inn. For elektronisk registrering bruker du enten Stolpejakt-appen for å scanne QR-koden på stolpen, eller innplotting av koden i din konto.

 

3. Vinn premiar
For kvar registrerte stolpe får du eit lodd, og er med i trekning av flotte premiar frå samarbeidspartnarar i nærområde. Vinnarsjansane aukar med antall registrerte stolpar.

Stolpejakten  kan du lese meir om korleis du skal gå fram for å bli med i Stolpejakta.