Har du ide til Fylkesvåpen?

Publisert av: May Britt Meland
9/6/2018 08:56

I 2020 vert Hordaland og Sogn og Fjordane fylke slått saman til Vestland fylkeskommune. I den samanheng treng ein sjølvsagt eit nytt fylkesvåpen. Det er i desse dagar lyst ut ei konkurranse, der alle kan sende inn sine forslag til nytt våpen.

Dagens våpen til Hordaland fylkeskommune er ei krone og to korslagde økser. Det er henta frå St. Olavsgildet på Onarheim. Krona er kongekrona til Olav den heilage, og øksene er helgenmerket hans.

Forslaga må sendast inn innan 20. juni, og etter det vil ein fagjury og ein folkejury plukke ut 10 forslag kvar. Ei nettavstemming der dei som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane kan stemme vil kåre ein Folkefavoritt. Premien for denne er på kr 25.000,-.

I tillegg vil ein fagkomité i haust legge fram forslag til motiv for nytt fylkesvåpen. Desse går til ein designkonkurranse der byrå og kunstnarar kan delta. Til slutt er det politikarane i fylkestinga i våre to fylke som skal vedta det nye fylkesvåpenet.

Vestland fylkeskommune si side finn du utfyllande informasjon om innspelskonkurransen.