Kjekt på ungdomslagsbasar

Publisert av: May Britt Meland
14/11/2022 09:47

Det vart fullt ved borda i Vonheim då Tysnes Ungdomslag stelde til basar søndag 13. november. Det var tradisjonelt åresal og tekking av mange flotte premiar frå loddbøkene. Kaffi, saft og kaker vart servert, og stemninga rundt bordene var god.

Irene Dalland i Tysnes ungdomslag fortel at dei til saman fekk inn kr 47.900 på bok- og åresal.

-Me er svært takknemleg for alle som har kjøpt lodd, kome på basar og bidrege med gevinstar.
Det betyr utruleg mykje for laget og Vonheim, seier Irene på vegne av ungdomslaget.

 

Desse vann på bokgevinstane: