Ein munter og effektiv gjeng!

Syr til nyfødd-intensiven

Publisert av: May Britt Meland
24/8/2022 09:36

I går var det sytreff og sømdugnad i Husflidstova i Våge. 4 damer frå “Søm og strikk til NFI Tysnes” var så heldige å få låna lokala til Tysnes Husflidslag, og var i full sving frå kl 10 til kl 15.

 

Celine Lunde Rød trivast godt ved symaskina.

 

Ingrid Storetvedt syter for at plagga vert strøkne og merka med riktig storleik.

 

“Knappesjef” Tonelill Mathiesen.

 

Lise Iren Sandtorv syr raskt med stødig hand.

 

Arbeidet var godt planlagt og lagt opp med ulike arbeids-stasjonar. Det var område for klipping, søm, sette i knappar og merke med rett størrelse. Etter at kleda er vaska vert dei så pakka i posar.

Til prosjektet er dei så heldige å ha fått donert fleire sekkar med masse ulike stoff, her er både einsfarga og fargerike mønster. Donasjonane er frå butikkar og nokre private.

 

Det var stor produksjon som vil glede mange på nyfødd-intensiven både på Haukeland og i Bergen! Her er noko av alt det flotte som vart produsert.