Prinsesse Ingrid Alexandra, Emma Sofie Nesse Torgersen og Dronning Sonja framfor skulpturen "Munnben" teikna av Emma Sofie. Foto: Hilde Torgersen.

Ein stor dag

Publisert av: May Britt Meland
17/9/2019 20:53

I dag var det avduking av nye skulpturar i “Prinsesse Ingrid Alexandras Skulpturpark”. For Tysnes-jenta Emma Sofie Nesse Torgersen vart dette ein heilt spesiell dag, ein dag ho nok aldri kjem til å gløyme.

Emma Sofie er nemleg ein av vinnarane i ei landsomfattande teiknekonkurranse, og ideen og teikninga hennar “Munnben” er no blitt til ein flott skulptur! Skulpturen er laga av ein kunstnar ved Bronseskulptur i Oslo og er i pulverlakkert bronse.

Emma Sofie med foreldre og sysken vart høgtideleg inviterte til slottet og opningsfesten i dag.
-Det har vore ein super dag, fortel Emma Sofie til Tysnesingen.no. Eg var veldig nervøs, men det var ei stor oppleving å få helsa på Prinsesse Ingrid Alexandra og Dronning Sonja. Prinsessa spurde meg om eg likte skulen, medan Dronninga lurte på om eg likte å teikna.

Det var stas å få være inne på slottet, det var utruleg fint. -Og så fekk vi servert bollar og saft.

-Dette er ein dag eg aldri kjem til å gløyma! Det er eit minne for livet.

 

Skulpturane er til å ta på og leike med! Emma Sofie sette seg like så godt oppå skulpturen sin! Foto: Hilde Torgersen

 

Dronning Sonja er svært kunst-interessert, og Emma Sofie fekk skryt for den humoristiske skulpturen sin. Foto: Hilde Torgersen

 

Skulpturparken er no ferdigstilt

Skulpturparken vart offisielt opna i mai 2016, då med tre skulpturar. Hans Majestet Kong Harald fortalde då i opningstala at heile Kongefamilien har gleda seg til denne dagen, og at dei i mange år har ønska seg ein skulpturpark spesielt for born. Vidare forsikra Kongen at skulpturane er for born. “– De er her for dere, de er til å ta på, og ikke bare til pynt.”

I dag vart skulpturparken ferdigstilt. Markeringa gjekk føre seg inne på Slottet og i Slottsparken. Dei 18 skuleelevane som har bidrege til skulpturane var invitert saman med foreldre og sysken.

Les heile saka og sjå flotte mange flotte bilete på  Kongehuset si offisielle side!

 

Ei spent Emma Sofie før ho skal inn på slottet. Foto: Hilde Torgersen

 

Flott gåve frå Kongehuset! Foto: Hilde Torgersen