Illustrasjonsbilete

Kan verta vanskeleg å få sommarjobb i år

Publisert av: Martha Nygård Lande
1/7/2020 15:44

Statistisk Sentralbyrå (SSB) melder at mange norske ungdommar kan verta utan sommarjobb  i år på grunn av koronaepedimien.

Mange næringar har, etter nokre tøffe månader, redusert aktivitet, og ein meir anstrengt økonomi. Dette er med på å redusere mulighetane for ungdom til å få jobb i sommar.

 

Dei unge har ofte arbeid i varehandel og overnattings- og serveringsverksemder, men mange har også arbeid i helse- og sosialtenester, og bygge- og anleggsverksemder.

I august 2019 var det nesten 42 000 jobbar innan varehandel, nesten 20 000 innan hotell og restaurant og om lag 17 000 jobbar i helse- og sosialtenester.

Den høgast gjennomsnittleg utbetalte kontantløna var innafor olje og gass, med i overkant av kr 21 000. Det var få som hadde sommarjobb der i august 2019, 755 jobber.

Dei som jobba i helse- og sosialtenester, fekk utbetalt ei gjennomsnittleg kontantløn på i overkant av kr 13 000.

 

Somarjobb er viktig for mange, og i skuleferien som er i frå juni til august, hadde 128 400 blant dei under 20 år ein jobb. Dette utgjer 4 av 10 i denne aldersgruppa.

Opplysninger er henta frå artikkel på nettsida til SSB