Hjertefred

Publisert av: Vegard Aslaksen
16/11/2017 22:17

Publisert av: Johnny Helgesen

Det var den 3.gongen Hjertefred vart arrangert på allehelgensdag for å minna dei me har mista.
I år kunne arrangørene frista med å vera innandørs i varmen i Onartun.

Med sang, musikk, meditasjon og dikt vart Hjertefred Tysnes stemningsfullt og magisk i år òg.
I år kunne ein kjøpe almanakker og julekort. Det var og laga eit koselig hjertetre, eit tre med hjerter og beskjeder.

Dei flinke artistane i år var Jurgita Bubilaite, Julie Aarvik, Louise Vermedal Lunde, Trygve Arntsen, Kolbjørn Tvedt, Marianne Tvedt, Endre Hodneland og Madel Carlsen (meditasjon), May Siren Birkeland (dikt)

Etter underholdninga var det sending av hjertebrev. Dette foregår på den måten at du skriv på ein lapp det du tanker å sei til den/dei du har mista, lappane blir samla inn, for så å bli brent i bålpanna utanfor.

Tekst og bilder: Rebekka Høgestøl.