Tur til Finnøy (med påmelding)

Tysnes Skule
19. mai kl. 07:00

Tysnes Bygdekvinnelag og Tysnes Sogelag skipar til ein heildagstur til Finnøy
Torsdag 19. mai 2022

Vandring i Bedehusland – ei kulturhistorisk reise med glimt i auga

Fyrste stopp er Lauvsnes Gartneri med omvising og bevertning.
Så vert det tur innom sølvsmia på Finnøy og middel alder kyrkja på Hesby.

Middag med god heimelaga mat og kaffi.

Til slutt vert det Bedehusrevy med basar som i gamle dagar.

  • Buss frå Tysnes skule Kl. 07:00. Ferje frå Hodnanes Kl. 07:50.
  • Bussen kan ta på passasjerar undervegs til Hodnanes etter avtale.
  • Det er mogeleg å parkera ved Tysneshallen eller ved Tysnes bedehus

Pris 1270.- alt inkludert

Påmelding innan 20. april til Kjersti Godøy på telefon 934 28 951 eller

på e-post: kjersti@wallem.net

 

Det er mogeleg å vera med sjølv om du ikkje er medlem i laga.