Ina Wroldsen er klar for Tysnesfest

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/11/2018 12:12

INA WROLDSEN ER KLAR FOR TYSNESFEST!

Finn fram danseskoa og rens allsanghalsen, for det blir hitparade og eit energisk liveshow utan like når Ina Wroldsen går på scena på Gjerstad laurdag 13. juli 2019!

Fekk du forresten med deg P3 Gull igår? Ina Wroldsen vann den aller gjævaste prisen – P3 Prisen, og kva passar vel betre då enn å introdusera ho som ein av artistane til Tysnesfest? Gratulera så mykje med prisen, den er vel fortjent!
https://p3.no/cezinando-tok-kveldens-forste-pris/

Sjansen for at Ina står bak teksten på ein av dine favorittlåtar er nok stor. Ho står nemlig bak fleire globale superhits, og har jobba med artistar som Calvin Harris, One Direction, Tinie Tempah, Shakira, Brintey Spears, The Pussycat Dolls og mange fleire.
No for tida  skin sola på ho som soloartist og det er få norske artistar som har vore streama fleire gongar enn Ina Wroldsen dei siste åra.
Du har heilt sikkert hørt låtar som «Aliens», «Strongest», «How Deep is Your Love» og «Lay It On Me» på radioen både ein og to gongar.

Ina har etablert seg som ein solid liveartist med eit breitt og engasjert publikum, og me gler oss veldig til å sjå ho på scena neste sommar!

 

Øystein Vaage
Dagleg leiar / CEO
Stiftinga Tysnesfest