Verdensdagen for psykisk helse «Å vera raus»

Publisert av: Vegard Aslaksen
2/10/2018 18:17

Me var så heldige å få besøk av dyktige Ingrid Bruun, som delte eit sterkt og personleg foredrag utifrå årets tema som er å vera raus! På dagtid var det heile ungdomsskuletrinnet som fekk ta del i dette.

Markeringa starta med nydeleg song av ungdomsskuleeleven Julie Kristine Aarvik og med Yngve Nikolaisen på piano. Det var heilt stille i Tysneshallen under det times lange foredraget!

 

Ungdommane fekk så skrive ned det dei tenker om kva raushet er, dette vart ei fin tavle med mange kloke ord, som vart hengt opp i Tysneshallen til kveldsarrangementet.

 

På kvelden var det eit ope arrangement, kor om lag 150 tilhøyrarar fekk starte kvelden med flotte tekstar og magisk musikk ved Marthe Valle!

 

Ingrid Bruun berørte også dette publikummet. Mange gav tilbakemeldingar om at dette gjorde sterkt inntrykk!

 

Ordførar Kåre Martin Kleppe leda kvelden, og avslutta med å takke dei som har vore rause og vore med å støtte dette arrangementet!
Arrangementskomiteen består av ei tverrfagleg gruppe frå Tysnes kommune, som ser fram til fleire markeringar i åra som kjem.

Tekst og bilete; May Siren B. Holme