Har du ein fersk førsteklassing heime?
Alle skulestartarar er hjarteleg velkomne til 6-årssamling i Kyrkjeståvo, måndag 7/9 kl. 12.30-15.30
Temaet for samlinga er vennskap, og me skal høyra bibelforteljing, teikna, synga og eta i lag.
Me skal også ein tur innom kyrkja, og sjå kva me finn der.
Søndag 13. september vert det familiegudsteneste, med utdeling av 6-årsboka.
Påmeldingsfristen er torsdag 3/9.
De melder på barnet her: https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=e1f03e6e-8c83-4623-bd5e-955d41181f89
Arr.: Tysneskyrkjelydane