Helga 7.-8. november ynskjer Tysneskyrkjelydane alle 4.-klassingar velkomne til å overnatta i Tysnes kyrkje.
Arrangementet startar kl. 18 på laurdagskvelden. Då skal me bli kjende, planlegga gudsteneste, eta taco og laurdagsgodt, ha hobbyaktivitet m.m. Og ikkje minst – overnatta i kyrkja! På søndagen er det frukost, før me deltek på gudstenesta kl. 11.
Har du ein 4.-klassing som har lyst til å vera med? Meld han/henne på her:
https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=dee5eb06-a3d6-49a1-90f4-93c291a839e2
Påmelding seinast onsdag 28. oktober.
Ta kontakt med Isabell på 48 12 33 10 eller io334@kyrkja.no om de lurar på noko.