Ungdoms-LAN

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/11/2021 18:34

På laurdag 27.11 vart det arrangert ungdoms-LAN i Tysneshallen. Arrangementet var eit heilt gratis tilbod for ungdom mellom 13 og 19 år.

Det er Mats Løve Gjersvik på Biblioteket, Trine-Lise Aasen på Frivilligsentralen og Betsy Nikolaisen frå Psykisk helse barn og unge som har samarbeidd om dette.

Bakgrunnen for samarbeidet var eit ynskje frå alle partar om å lage til ein møteplass for ungdom med gaming-interesse. Trine-Lise og Betsy fekk midlar frå Gjensidigestiftelsen i fjor til prosjektet “Ein stad å vera”, der dei skulle arrangere ulike gratis kurs og temakveldar for ungdom.

Ein fekk med desse midlane kjøpt inn fleire gaming-laptopar til utlån for dei som ikkje har eigen pc til å spele på. Mats har i år fått støtte frå Tysnes kraftlag til å lage eit skikkelig stilig spelerom på biblioteket. Det var då eit flott høve til å samarbeide om eit ungdoms-LAN. Med seg fekk dei også ein positiv gjeng ungdomar som ville vera med i arbeidsgruppa. ‘

Fredag var det rigging og klargjering av alt utstyret, og på laurdag kl 10 var 21 forventningsfulle og glade ungdomar på plass.
Ordførar Kåre Martin opna LANet og spelerommet på morgonen. Det vart sjølvsagt laga til “snorklypping” inne i Minecraft.

Heile 12 timar med gaming, ulike konkurransar med fine premiar og god mat vart ein suksess! Mykje arbeid med planlegging og ein del ekstra timar jobbing var verkelig verdt det. Heldigvis var det fleire gode vaksne tilstades på dagen som sørga for at alle fekk hjelp, nok mat og mykje omsorg.

På vegne av arrangørane vil Betsy gjerne takke dei hjelpsame, kjekke og blide ungdomane som var påmeldt; det er ein fryd å vere saman med dåke!

Me vil takke lokale bedrifter som støtta oss med mat og kjempefine premiar til konkurransane, og me vil takke foreldre som stilte opp som vakter, med baking og ryddehjelp.