Bilete frå ein gong tidlegare det var felles sy-dugnad til nyfødd intensiven på Haukeland.

Inviterer til sytreff

Publisert av: May Britt Meland
19/9/2021 09:33

Strikk og søm til NFI – Tysnes har no førebudd eit nytt sytreff i kjellaren i ugdomshuset i Lunde. Celine Vevatne Rød fortel at NFI – Tysnes stiller med mange fine Jersey stoff og mønster. Vi håpar at fleire vil være med og bidra på denne viktige dugnaden for premature born.

-Du treng å ta med eiga symaskin, og gjerne ha litt forkunnskap om sying. Det er viktig å presisera at dette er “lågterskel”, du treng ikkje nødvendigvis ha sydd mykje, eller lenge for å bli med!

Dei ferdige kleda vert levert NFI ( nyfødd intensiven) på Haukeland i løpet av hausten.

Har du lyst og høve til å delta 25. september frå kl 10 og utover dagen?

Gruppn smittevernreglar treng vi påmelding.
Meld deg på til Celine på 47876211, eller via Facebook gruppa Strikk og søm til NFI – Tysnes