Hugs nominasjon til Frivilligprisen innan fredag

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/11/2019 16:00

Om nålauga vart lite i fjor og din kandidat ikkje rakk fram, må du renominera i år. Det var ni i fjor som nesten rakk fram. Mange av dei har hatt like høgt aktivitetsnivå i år. Dei fortener ein ny sjanse.

Prisen skal gjevast til ein FRIVILLIG iniativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idéar og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og i tillegg medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.

Forslag må sendast skriftleg med grunngjeving til:

Tysnes Frivilligsentral Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

eller på epost:

per.verner.aase@tysnes.kommune.no

innan 15. november.

Jury er styret i Frivilligsentralen og prisen vert delt ut 5. desember.