Inviterer til open brannstasjon

Publisert av: Vegard Aslaksen
15/9/2019 17:39

Neste Laurdag 21/9 blir det open brannstasjon i Eredalen kl 1100 til 1400. Alle naudetatane, brann, politi og helse samt Røde Kors vil halda stand, visa fram bilar og utstyr og informera om dei ulike tenestene. Det blir servering av pølser, saft og kaffi.

Ta turen til brannstasjonen i Eredalen på Laurdag og kanskje du til og med kan få deg ein tur i brannbilen:)

Her er nokre fleire bilete frå fjorårets arrangement.