Auka skogbrannfare

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
18/5/2018 15:21

Det fine veret me har gjer og at skogbrannfaren aukar. Tysnes brann og redning ønskjer ikkje å innføre totalforbod mot open eld enno , men ønskjer å kome med ei oppmodning og påminning til folk.

Det er ikkje lov å gjere opp eld nær skog og mark og i all anna utmark utan løyve frå kommunen, slik situasjonen er no vert det ikkje gitt slikt løyve. Einkvar pliktar og utvisa aktsemnd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføre brann. Ein bed alle vise aktsemnd ved grilling og elles setje seg inn i gjeldande reglar.  

 

Tysnes brann og redning ønskjer alle ei trygg og fin pinsehelg.

Brannsjefen