Bjarte Erstad og Patrick R. Madsen gler seg til fiskekonkurranse! Foto: Tysnesingen.no

Inviterer til fiskekonkurranse

Publisert av: Vegard Aslaksen
1/4/2019 07:14

Våge Hamn lanserer nytt tilbod på den nyrenoverte E-bryggja. I det eine hjørnet på E-brygga kjem det nemleg ein såkalla “isfiske-simulator”. I samarbeid med jakt og fiskelaget vil isfiskesimulatoren bli innvia med ein isfiskekonkurranse på fyrstkomande Laurdag.

Bjarte Erstad frå jakt og fiskelaget fortel at det for folk flest har vorten vanskeligare å få fisk i fjorden med åra. Han vonar isfiskesimulatoren i hamna vil gjera at folk får tilbake fiskegleda att. For dei som ikkje har prøvd isfiske vil dette vera ei unik mogligheit sidan dette kan vera noko av den mest spanande formen for fiske. Bjarte vil stilla med fiskeutstyr til konkurransen.

I februar kunne ein lesa om at Våge Hamn ynskte innspel på korleis arealet på E-Bryggja kunne nyttast. Takka vera kreative innspel så kan ein allereie no realisera eit av forslaga. Konseptet er eigentlig heilt genialt, seier Patrick Madsen til Tysnesingen. Me har fått installert tre mindre merdar under denne delen av bryggja som fisken går i. Ved å fiska gjennom hola i dekket er ein dermed nokså sikker på å få fisk. Kva fisk ein får og kor stor, vil ein ikkje kunna vita så spenninga er til å ta og føla på når ein sit her og “pilkar”, seier Madsen.

Her testar Bjarte isfiskesimulatoren. Bjarte er leiar i Norges Jeger og fiskeforbund Hordaland, forbundsstyremedlem i NJFF i Norge, leiar i Sportsfiskeutvalget i NJFF, samt NJFF og Norge sin representant i EAA (European Anglers Alliance). Han rosar Våge Hamn for å prøva noko nytt for å få fleire til fiska og meiner dette er eit konsept fleire hamner burde tilby.

 

På laurdag skal ein ta simulatoren i bruk for fyrste gong og inviterer difor til ein uhøgtidleg konkurranse.
Det blir tre heat der vinnaren av kvart heat går til finalen. Den med mest kilo fisk går av med sigeren.
Totalt kan det maksimalt vera 9 deltakarar så her lyt ein vera snar med å melda seg på.

Vil du bli med i isfiskekonkurransen?
Send påmelding på mail til patrick@mandelhuset.no.
Konkurransen startar Laurdag kl 1300 i hamna og det er gratis å delta.